Statsbudsjettet fra A til Å

Klikk på første bokstav i det ordet du leter etter eller søk på ordet her.


A

Asylsøkjarar

Etter år med rekordhøge tal på asylsøkjarar i Noreg, er talet nå på veg nedover. Toppen ble nådd i 2002, med 17 500 asylsøkjarar. I første halvår 2004 kom det i underkant av 4 000. Det tydar at det i år vil kome færre enn 10 000, som var overslaget ved byrjinga av året. Som i 2003, kjem flest frå Afghanistan, Russland, Serbia og Montenegro og Somalia. Desse fire nasjonalitetane står for rundt to tredelar av alle asylsøkjarar.

Rundt 30 prosent av asylsøkjarane blir i medhald av Dublin-samarbeidet overførte til eit anna europeisk land for vidare behandling. Det tydar at dei er registrerte som asylsøkjarar eller har hatt opphald i eit anna europeisk land på førehand. Av dei som fekk realitetsbehandla sakene sine, fekk 69 prosent avslag i første instans, medan 5 prosent fekk asyl, 16 prosent fekk vern og 10 prosent opphald på humanitært grunnlag.

Nedgangen i talet på asylsøkjarar fell saman med ein samla nedgang i talet på flyktningar i verda og i talet på asylsøkjarar som kjem til Europa. Nedgangen kan òg ha samanheng med Regjeringa sine tiltak for å redusere talet på asylsøkjarar som ikkje treng vern. Sakene til søkjarar frå land der innbyggjarane normalt ikkje blir utsette for forfølging, slik dette er definert i flyktningkonvensjonen, blir behandla innan 48 timer. Medan 30 prosent av asylsøkjarane kom frå slike land i 2003, er delen i år svært liten. I tillegg er det inngått avtaler med andre land om tilbaketaking av personar med avslag på asylsøknaden. Einslege mindreårige asylsøkjarar blir alderstesta dersom det er usikkert om dei er under 18 år.

I 2005 blir det innført ein ny advokatordning i asylsaker. Den inneber at asylsøkjarar først får dekt advokathjelp dersom dei klager på eit avslag. Men den første informasjonen får dei av ein organisasjon. Vidare vurderas ein ordning som skal leggje til rette for raskare sakshandsaming av asylsøknader frå land med eit stort tal avslag. Søknader om asyl skal framleis bli handsama individuelt og i samsvar med dagens lovgiving. Personar med eit reelt behov for vern skal sjølvsagt framleis få det i Noreg.

Prognosen for 2005 er på 10 000 asylsøkjarar. Dette er noko høgare enn tilstrøyminga hittil i 2004 skulle tilseie. Det skuldast mellom anna at tilstrøyminga vanlegvis er noko høgare om hausten.