Statsbudsjettet fra A til Å

Klikk på første bokstav i det ordet du leter etter eller søk på ordet her.


N

Nasjonal transportstønadsordning

I samband med omlegginga av den differensierte arbeidsgivaravgifta 1. januar 2004, har regjeringa innført ei rettsbasert nasjonal transportstønadsordning. Transportstønadsordninga er rettsbasert, men regjeringa har berekna 200 millionar kroner til utbetaling av transportstønad i 2004. Målet med transportstønaden er å stimulere til økonomisk vekst i næringssvake område. Dette vert gjort gjennom å redusere dei konkurransemessige ulemper som følgje av lange transportavstandar og vanskelige transportforhold og spreidd busetting i enkelte distrikt. Ordninga skal kompensere for ein del av meirkostnadane til transport som påførast bedrifter som ligg perifert i forhold til meir sentrale område. Stønad kan gis til industriføretak innanfor ordningas geografiske virkeområde. Innovasjon Noreg, Bodø forvaltar ordninga for Kommunal- og regionaldepartementet i samsvar med fastsett forskrift.