Olje og energi

  • Kor mange prosent av Statoil ASA eig staten?

    Statoil ASA er et allmennaksjeselskap der staten eig 70,9 prosent av aksjane og private investorar og institusjonar eig 29,1 prosent.

  • Kor mykje av produksjonen er vasskraft, og kor mykje av produksjonen kjem frå nye fornybare energikjelder?

    Produksjon av vasskraft i år med normale nedbørsforhold er om lag 119 TWh/år. Den faktiske vasskraftproduksjonen i 2004 var om lag 109 TWh.

    Vindkraftproduksjonen i 2004 var i overkant av 0,3 TWh. I løpet av 2005 vil årsproduksjonen vere på nær 0,8 TWh.

  • Kor mykje elektrisitet produserer vi i Noreg?

    Samla elektrisitetsproduksjon i år med normale nedbørsforhold er om lag 120 TWh. Samla el-produksjon i 2004 var 110 TWh.

  • Kor mykje olje og gass produserer vi i Noreg, og kor mykje blir eksportert til utlandet?

    I 2006 reknar vi med å produsere om lag 260 millionar standard kubikkmeter oljeekvivalentar (Sm3 o.e.). Av dette blir om lag 90 prosent eksportert.

  • Kor stor var den samla bruken av bioenergi i 2004?

    Den totale registrerte bruken av bioenergi svarte i 2003 til om lag 14 TWh, som blant anna blir brukt til oppvarming (fjernvarme). Tala for 2004 er enno ikkje klare, men det er forventa ei mindre auke i forhold til 2003-nivået.

  • Kor store blir endringane i inntektene til staten om råoljeprisen blir 10 kroner høgare/lågare enn det som er føresett i NB2006?

    Ei endring i råoljeprisen på 10 kroner vil endre staten sine inntekter frå skattar, avgifter samt SDØE med om lag 7,0 milliardar kroner i 2006 (betalt effekt).

  • Kor store er inntektene til Energifondet i 2006?

    Påslaget på nettariffen for uttak av kraft i distribusjonsnettet blei auka til 1,0 øre/kWh frå 1. juli 2004. På bakgrunn av dette er det rekna at innbetalingane til fondet i 2006 vil vere om lag 665 millionar kroner. Med renteinntekter vil inntektene til fondet truleg auke til om lag 690 millionar kroner i 2006. Innbetalinga til Energifondet vil i det heile komme frå påslaget i 2006.

  • Kor store går ein ut frå at investeringane på norsk kontinentalsokkel vil bli i 2006?

    Investeringane er forventa å bli om lag 90 milliardar kroner i 2006, omtrent tilsvarande overslaget for 2005. Staten sin del av investeringane gjennom ordninga med SDØE (statens direkte økonomiske engasjement) er rekna til om lag 19 milliardar kroner i 2006.

  • Kor stort er forbruket av kraft, og korleis blir eit eventuelt kraftunderskot dekka opp?

    Kraftforbruket i 2004 var 121,5 TWh. I år med normale temperatur- og nedbørsforhold er det i dag eit underskot i den norske kraftbalansen på om lag 5-6 TWh/år. Dette underskotet blir dekka inn ved hjelp av tilknytingane til det nordiske kraftmarkedet. Det norske kraftsystemet er knytt til Sverige, Danmark, Finland og Russland. Overføringskapasiteten for straum til Sverige er om lag 3500 MW og til Danmark om lag 1000 MW. Overføringskapasiteten til Finland og Russland er liten, og til Russland blir han berre brukt til import. Ved maksimal kapasitetsutnytting kan det teoretisk overførast kraft opp mot 20 TWh/år over overføringssambanda mot utlandet.

  • Korleis bruker vi naturgass i Noreg i dag?

    Det er to hovudbruksområde for naturgass:

    - Energiformål

    - Kjemisk konvertering av naturgass til andre produkt (for eksempel metanol).

    Det er i dag tre gassterminalar i Noreg: Kårstø, Kollsnes og Tjeldbergodden.

  • Kva for ein oljepris ligg til grunn i Nasjonalbudsjettet/Statsbudsjettet for 2006?

    For 2006 er det lagt til grunn ein oljepris på 350 kroner pr. fat.

  • Kva for eit utbytte er lagt til grunn frå Statnett?

    Det er budsjettert med eit utbytte frå Statnett SF på 85 millionar kroner for rekneskapsåret 2005. Utbyttet utgjer 50 prosent av konsernet sitt forventa resultat etter skatt.

  • Kva for eit utbytte er lagt til grunn frå Statoil?

    Som ei rein berekningsteknisk framskriving er det utbetalte utbyttet i 2005 på 8,139 milliardar kroner lagt til grunn også for 2006. Utbyttet fra Statoil går inn i kontantstraumen frå petroleumsverksemda, jf. Lov om Statens petroleumsfond.