Statsbudsjettet fra A til Å

Klikk på første bokstav i det ordet du leter etter eller søk på ordet her.


A

Arbeidsinnvandring

For nordiske borgarar er det ingen krav om arbeids- eller opphaldsløyve. Nordiske borgarar har den same tilgangen til arbeidsmarknaden som norske borgarar.

EØS-borgarar har etter EØS-regelverket rett til fri rørsle for arbeidstakarar. EØS-borgarar har òg i utgangspunktet den same tilgangen til arbeidsmarknaden som norske borgarar. EØS-borgarar må ha eit EØS-løyve om dei skal arbeide her lenger enn tre månader.

For borgarar frå åtte av dei ti nye medlemslanda er det overgangsordningar som inneber krav til EØS-løyve frå første arbeidsdag. Det blir stilt krav om fulltidsarbeid og ”norsk” avlønning. Etter eitt år med slikt løyve gjeld same reglar som for andre EØS-borgarar.

Arbeidstakarar frå land utanfor EØS-området må ha arbeidsløyve før dei kan starte i arbeidet. Det er gjort avgrensingar i kva for type arbeid det er opna opp for, dei to største gruppene er faglærte og sesongarbeid. For å få arbeidsløyve er det ein føresetnad at generelle krav, bl.a. om heiltidsarbeid og ”norsk” avlønning, er fylte. Dei som fyller vilkåra til arbeidsløyve som faglært eller sjølvstendig næringsdrivande får eit løyve som dannar grunnlag for varig opphald etter tre år. Dei andre typane arbeidsløyve gjer ikkje det.