Statsbudsjettet fra A til Å

Klikk på første bokstav i det ordet du leter etter eller søk på ordet her.


A

Asylmottak - bortfall av butilbod

Personar med endeleg avslag på asylsøknaden pliktar å forlate landet. I samanheng med avslaget set utlendingsstyresmaktene ein utreisefrist, normalt to til tre veker fram i tid. Personar som ikkje reiser eller gjer avtale om utreise innan fristen går ut, oppheld seg ulovleg i Noreg. Personar som har fått endeleg avslag på asylsøknaden, mister butilbodet i asylmottak frå den fastsette utreisefristen, med mindre dei samarbeider med norske styresmakter om reisedokument og søkjer om retur til heimlandet med assistanse frå til dømes International Organization for Migration (IOM). Einslege mindreårige, barnefamiliar, og personar med særskilde behov får òg bu i asylmottak etter endeleg avslag og fram til dei kan bli sende ut av landet.

For å få eit einsarta tilbod, har Regjeringa i revidert nasjonalbudsjett for 2005 løyvd 4 millionar kroner til etablering og drift av eit statleg utreisesenter for dei som er omfatta av bortfallsordninga. For 2006 gjer Regjeringa framlegg om å løyve 15 millionar kroner til drift av utreisesenteret. Dette skal vere eit ope og frivillig tilbod, men det skal ha svært nøktern standard og berre omfatte tak over hovudet, enkel matservering og informasjon retta inn mot retur.