Statsbudsjettet fra A til Å

Klikk på første bokstav i det ordet du leter etter eller søk på ordet her.


A

Asylmottak - styrking

Mange mottak har hatt store utfordringar knytte til bebuarar med psykiske problem og/eller med trugande eller valdeleg åtferd. I 2005 har regjeringa løyvd 15 millionar kroner ekstra til etablering og drift av mottak med avdelingar med forsterka plassar. Det er no etablert 80 slike mottaksplassar i fire mottak fordelt på like mange helseregionar. Desse mottaka har døgnbemanning, eige helsepersonell og ei høveleg lokalisering med tanke på psykisk helsevern og andre relevante hjelpeinstansar, slik at ein kan få til ei betre oppfølging av bebuarar med særskilde behov. Det ordinære helsetenesteapparatet har ansvar for behandling for dei som treng det.