Statsbudsjettet fra A til Å

Klikk på første bokstav i det ordet du leter etter eller søk på ordet her.


A

Asylmottak

Alle asylsøkjarar og personar som har fått opphaldsløyve og ventar på busetjing i ein kommune får tilbod om å bu i asylmottak. Tilbodet i mottaket skal vere nøkternt, men forsvarleg. I tillegg til innkvartering får bebuarar i mottak økonomiske ytingar til livsopphald, og dei skal ha tilbod om nødvendige tenester, informasjonsprogram og aktivitetar. Som følgje av at det no kjem langt færre asylsøkjarar enn tidlegare, har mange asylmottak blitt nedlagt i løpet av året. Det gjeld òg plassar for einslege mindreårige asylsøkjarar. Frå ein topp på 142 mottak i fjor vår, er det no (pr. september 2005) totalt 80 asylmottak i drift.

Sjå også Asylmottak - styrking og Asylmottak - bortfall av butilbod.