Statsbudsjettet fra A til Å

Klikk på første bokstav i det ordet du leter etter eller søk på ordet her.


A

Asylsøkjarar

Etter år med rekordhøge tal på asylsøkjarar i Noreg, er talet no på veg nedover. Tiltak som regjeringa har sett i gang for å redusere talet på asylsøkjarar utan behov for vern har medverka til ein markant nedgong i tilstrømminga. Innføringa av 48-timarsprosedyra for grunnlause søknader og større grad av differensiert sakshandsaming for andre saker har hatt betyding. Òg innstrammingar i reglane for familiesamanføring, innføring av aldersvurdering av asylsøkjarar som hevdar at dei er under 18 år, og redusert pengestøtte og bortfall av butilbod i mottak til asylsøkjarar som har fått avslag, har medverka til at Noreg ikkje verkar like attraktivt. I tillegg har regjeringa gjennomført informasjonstiltak i utlandet og innført rask retur for asylsøkjarar med avslag.

Første halvår av 2005 har det komme 2400 asylsøkjarar til Noreg. Dersom denne trenden fortset, vil det komme om lag 5000 asylsøkjarar i heile 2005. I dag kjem det flest asylsøkjarar frå Irak, Afghanistan, Russland, Serbia og Montenegro og Somalia. Prognosen for 2006 er på 5000 asylsøkjarar.