Statsbudsjettet fra A til Å

Klikk på første bokstav i det ordet du leter etter eller søk på ordet her.


A

Asylsøknader (Dublin-samarbeid)

Dublin-regelverket gir reglar om kva for ein medlemsstat (EU, Island eller Noreg) som er ansvarleg for handsaminga av ein asylsøknad. Ein asylsøkjar har rett til å få handsama søknaden i eit medlemsland. Vanlegvis skal det første medlemslandet asylsøkjaren kjem til, ta ansvar for søknaden. Når ein asylsøkjar, etter å ha fått endeleg avslag i ein medlemsstat, søkjer asyl i ein ny stat, kan den siste staten sende asylsøkjaren attende til den første staten utan å handsame asylspørsmålet. Rundt 20 prosent av personane som søkjer asyl i Noreg blir i medhald av Dublin-samarbeidet overførte til eit anna europeisk land for vidare behandling. Det tyder at dei er registrerte som asylsøkjarar eller har hatt opphald i eit anna europeisk land før dei kom til Noreg. Av dei som fekk realitetsbehandla sakene sine i første halvår av 2005, fekk 56 prosent avslag av UDI, medan 9 prosent fekk asyl, 15 prosent fekk vern og 20 prosent opphald på humanitært grunnlag.