Statsbudsjettet fra A til Å

Klikk på første bokstav i det ordet du leter etter eller søk på ordet her.


A

Asylsøknader

Alle søknader om asyl som blir fremma i Noreg får ei individuell og grundig behandling. Personar som kjem frå land ein meiner er trygge, det vil si at det sjeldan eller aldri blir gitt asyl eller vern for søkjarar frå dette landet, får saka si behandla i løpet av 48 timar.

Søkjarar som kjem frå land der ein erfaringsmessig sjeldan har behov for ytterlegare utgreiing eller verifisering av saka, skal få saka si behandla innan 3 veker. Dei resterande sakene skal behandlast innan 7 veker, med mindre det er behov for å innhente meir informasjon i saka.

I januar 2005 blei det innført ei ny advokatordning i asylsaker. Den inneber at asylsøkjarar først får dekt advokathjelp dersom dei klagar på eit avslag. NOAS har overteke ansvaret med å hjelpe asylsøkjaren i samband med framsetting av søknaden, og i den samanheng orientere asylsøkjaren om rettighetar og den vidare saksbehandlingsprosessen.