Statsbudsjettet fra A til Å

Klikk på første bokstav i det ordet du leter etter eller søk på ordet her.


V

Vegprosjekt - anleggsstart

Forslaget til riksveginvesteringar gir rom for at det i 2006 skal setjast i gang ti nye, større vegprosjekt, fordelt med fire prosjekt på stamvegnettet og seks prosjekt på andre riksvegar. I tillegg vil det neste år bli sett i gang anleggsarbeid på ei rekkje andre nye, men noko mindre prosjekt, på både stamvegnettet og på såkalla ”øvrige riksvegar”.

Samferdselsdepartementet går inn for å setje i gang desse nye prosjekta på stamvegnettet:

  • E6 Vinterbro – Assurtjern i Akershus
  • E18 Frydenhaug – Eik i Buskerud
  • E16 Borlaug – Voldum i Sogn og Fjordane
  • E6 Vest for Alta (Langnesbukta – Jansnes) i Finnmark
For såkalla ”øvrige riksvegar”, det vil seie riksvegar utanom stamvegnettet, er det lagt opp til anleggsstart på desse nye, større vegprosjekta:
  • riksveg 283 Øvre Sund bru i Buskerud
  • riksveg 465 Kjørrefjord – Ulland i Vest-Agder
  • riksveg 44 Omkjøringsveg Klepp i Rogaland
  • riksveg 48 Hafskorberget i Hordaland
  • riksveg 57 Espeland – Herland i Bergen i Hordaland
  • riksveg 557 ringvest vest i Hordaland

I tillegg skal desse to nye, større rassikringsprosjekta setjast i gang:

  • riksveg 62 Fresvika – Jordalsgrenda i Møre og Romsdal
  • E10 Fjøsdalen i Nordland

Sjå også:

- St.prp. nr. 1 (2005-2006) Samferdselsdepartementet

- Pressemeldinger fra Samferdselsdepartementet