Statsbudsjettet fra A til Å

Klikk på første bokstav i det ordet du leter etter eller søk på ordet her.


A

Asylmottak - forsterka

Mange mottak har hatt store utfordringar knytte til bebuarar med psykiske problem og/eller med trugande eller valdeleg åtferd. I 2005 blei det derfor etablert 80 slike mottaksplassar i fire mottak fordelt på like mange helseregionar. Desse mottaka har døgnbemanning, eige helsepersonell og ei høveleg lokalisering med tanke på psykisk helsevern og andre relevante hjelpeinstansar, slik at ein kan få til ei betre oppfølging av bebuarar med særskilde behov. Det ordinære helsetenesteapparatet har ansvar for behandling for dei som treng det.

Sjå omtale i St.prp.nr.1 (2006-2007) Arbeids- og inkluderingsdepartementet Resultatområde 10 Beskyttelse og innvandring.