Statsbudsjettet fra A til Å

Klikk på første bokstav i det ordet du leter etter eller søk på ordet her.


E

Eksportindustrien (GIEK)

Regjeringa vil betre rammevilkåra for norsk eksportretta næringsliv ved å utvide ramma for Garanti-Instituttet for eksportkreditt (GIEK) si alminnelege garantiordning frå 40 til 50 milliardar kroner. Vidare vert det lagt opp til å auke ramma for GIEK si U-landsordning frå 1,5 til 2,1 milliardar kroner.

GIEKs garantiordningar er med på å sikre kontraktar for norske eksportørar av varer og tenester, og medverkar til å fremje norske investeringar i utlandet. Rammeutvidinga for Alminneleg ordning vil kunne bety mykje for den eksportretta delen av norsk næringsliv. Garantiane er mellom anna viktige for eksport av kompetansekrevjande kapitalvarer innanfor maritim sektor og olje- og gassnæringa. Små bedrifter og bedrifter med liten eksporterfaring nyter også godt av ordninga.

U-landsordninga er eit viktig supplement til alminneleg garantiordning i saker med spesielt høg risiko i dei fattigaste landa. Regjeringa sitt forslag vil medverke til at norske bedrifter i større grad enn tidlegare kan delta i utviklingsfremjande prosjekt i dei fattigaste landa.

Sjå St. prp. nr. 1 frå Nærings- og handelsdepartementet kap. 2426 side 159-160.