Statsbudsjettet fra A til Å

Klikk på første bokstav i det ordet du leter etter eller søk på ordet her.


G

Godstransport på jernbane

Om lag 400 millionar kroner er sett av til tiltak og prosjekt med særleg nytte for godstrafikken. Dette omfattar mellom anna midlar til Ganddal godsterminal i Rogaland, ombygging av Alnabru godsterminal i Oslo og utbygging av dobbeltspor Bergen stasjon - Fløen. Utbygginga av kryssingsspor fleire stader på jernbanenettet fører til at togtrafikken får større kapasitet, og dette vil òg vere til nytte for godstrafikken. I tillegg vil godstrafikken dra nytte av investeringane på Lysaker stasjon, investeringane i GSM-R og fjernstyring på Nordlandsbanen. Forslaget frå Regjeringa om fritak for el-avgift for transport på bane vil dessutan få mykje å seie for godstafikken med jernbane, som får reduserte kostnader som svarer til om lag 17 millionar kroner på årsbasis.

Les meir i St.prp. nr. 1 (2006-2007) Samferdselsdepartementet og i pressemelding om jernbaneføremål