Statsbudsjettet fra A til Å

Klikk på første bokstav i det ordet du leter etter eller søk på ordet her.


K

Kjøp av sjøtransporttenester Alt stikkord: Hurtigruteavtalen

Staten kjøper sjøtransporttenester for å sikre eit dagleg og heilårig transporttilbod mellom Bergen og Kirkenes. I 2005 blei Hurtigruteavtalen erstatta av "Kontrakt om kystruta Bergen – Kirkenes for perioden 2005-2012". Regjeringa foreslår for 2007 å løyve 267,3 millionar kroner til dette føremålet, noko som er i tråd med den inngåtte avtalen med Hurtigruten Group AS om statleg tilskott på 1899,7 millionar 2005-kroner for heile kontraktsperioden. Forslaga frå regjeringa om å innføre avgift på utslepp av NOx og om at sikkerheitsbemanninga i hurtigruteskipa skal omfattast av ordninga med nettolønn fører til endringar i rammevilkåra for Hurtigruten Group. Ny avtale mellom staten og selskapet vil seinare bli tatt opp i forhandlingar mellom avtalepartane.

Les meir i St.prp. nr. 1 (2006-2007) Samferdselsdepartementet og i pressemelding om kollektivtransport