Statsbudsjettet fra A til Å

Klikk på første bokstav i det ordet du leter etter eller søk på ordet her.


K

Kollektivtransport - belønningsordning

Regjeringa foreslår ei løyving på 107,2 millionar kroner til ei belønningsordning for betre kollektivtransport og mindre bruk av bil i byområde. Oslo, Bergen, Stavanger, Trondheim og Kristiansand har motteke tilskott sidan 2004, medan Tromsø blei teken inn i ordninga i 2006. Dei same byane vil også bli inviterte til å søkje om midlar i 2007. Belønningsordninga er resultatbasert og premierer dokumenterte resultat, det vil seie vekst i kollektivtransport, samanlikna med personbiltrafikken. Samferdselsdepartementet vil ved løyvinga i 2007 leggje større vekt på resultata av tiltaka. Belønningsordninga skal evaluerast i 2007.

Les meir i St.prp. nr. 1 (2006-2007) Samferdselsdepartementet og i pressemelding om kollektivtransport