Statsbudsjettet fra A til Å

Klikk på første bokstav i det ordet du leter etter eller søk på ordet her.


K

Kollektivtransport

Over budsjettet til Samferdselsdepartementet er det foreslått å løyve 10,5 milliardar kroner til tiltak som har verknad for kollektivtransporten, medrekna 870 millionar kroner i bompengar. Samanlikna med 2006 er dette ein auke på 1,4 milliardar eller 15 prosent. 

  • 1,6 milliardar kroner til statleg kjøp av persontransporttenester med tog .
  • 5,46 milliardar kroner til investeringar, drift og vedlikehald på jernbanenettet.
  • 1,04 milliardar kroner til kollektivtiltak finansiert ved bruk av "vegmidlar", fordelt med løyvingar på 170 millionar kroner over budsjettet for riksveginvesteringar og 870 millionar kroner i bompengemidlar.
  • 1,4 milliardar kroner til statleg kjøp av riksvegferjetenester.
  • 157 millionar kroner til særskilt tilskott til kollektivtransport. Beløpet er fordelt med 107,2 millionar kroner til "Belønningsordninga for betre kollektivtransport og mindre bruk av bil i storbyområda" og 50 millionar kroner i tilskott til kommunar og fylkeskommunar for å sikre raskare framdrift og betre samordning av arbeidet med å gjere kollektivtransporten meir tilgjengeleg for alle grupper av reisande.
  • 267 millionar kroner til statleg kjøp av sjøtransporttenester Bergen – Kirkenes.
  • 475 millionar kroner til statleg kjøp av flyrutetenester på strekningar der drifta ikkje er bedriftsøkonomisk lønsame.

Les meir i St.prp. nr. 1 (2006-2007) Samferdselsdepartementet og i pressemelding om kollektivtransport