Statsbudsjettet fra A til Å

Klikk på første bokstav i det ordet du leter etter eller søk på ordet her.


K

Kompetansesenter for distriktsutvikling

Kommunal- og regionaldepartementet (KRD) planlegg å etablere eit senter med oppgåve å spreie erfaringar og kunnskap om verknader frå ulike distriktsretta utviklingsprosjekt og -tiltak. Målet er å få ein meir systematisk dokumentasjon av prosjekt, verknader og gode døme på vellukka tiltak og lokalsamfunn med positiv utvikling. Senteret skal mellom anna vere ein stad der kommunar, fylke og andre utviklingsaktørar kan hente kunnskap om organisering av, og innhald i, lokalt og regionalt utviklingsarbeid. Kompetansesenteret vil også kunne samle inn og spreie informasjon om utviklingstrekk i område med særlege utviklingsutfordringar.

Kommunal- og regionaldepartementet vil i første omtang etablere eit forprosjekt for å få eit betre grunnlag for å vurdere oppbygging og organisering av eit slikt senter.