Statsbudsjettet fra A til Å

Klikk på første bokstav i det ordet du leter etter eller søk på ordet her.


K

Kompetansetilskot

Kompetansetilskotet er mellom anna sentralt i arbeidet med å motverke bustadløyse. Tiltak som kan bidra til å nå målsetjingane i den nasjonale strategien På vei til eigen bustad har høgast prioritet. Tilskotet skal også stimulere til utvikling av kommunal bustadpolitikk og lokale bustadsosiale handlingsplanar, og særleg med sikte på å skaffe bustader til vanskelegstilte på bustadmarknaden. Ordninga skal også bidra til større samarbeid mellom sektorar og nivå for å utlikne levekår. Det skal også støttast opp under tiltak som betrar miljøomsyn og universell utforming i bustader og bygg, stadsutvikling og byggeskikk.

Ramma på ordninga er kvart år nytta fullt ut. Likevel er ein stor del av gitte tilsegner ikkje blitt utbetalte same budsjettår. Bakgrunnen er at det ikkje blir utbetalt tilskot før prosjekta er ferdigstilte, og dei går ofte over fleire budsjettår. Det er derfor forslag om å innføre eit nytt budsjettsystem på posten som fastset aktivitetsnivå og tilsegnsfullmakter i tillegg til løyving.

Det er forslag om eit aktivitetsnivå (tilsegnsramme) på totalt 81 millionar kroner. Til dekning av tilsegner som kjem til utbetaling i 2007 er det forslag om ei løyving på 40,5 millionar kroner. I tillegg blir det foreslått ei tilsegnsfullmakt på 40,5 millionar kroner. Samanlikna med saldert budsjett 2006 er dette ein auke på 15,2 millionar kroner i aktivitetsnivå.