Statsbudsjettet fra A til Å

Klikk på første bokstav i det ordet du leter etter eller søk på ordet her.


K

Konkurransepolitikk

Regjeringa foreslår ei løyving på 83,1 millionar kroner til Konkurransetilsynet for 2007.

Det er ein reduksjon i løyvinga til Konkurransetilsynet samanlikna med 2006 knytt til at flyttinga til Bergen er fullført. Tilleggsløyvinga knytt til flyttinga held difor ikkje fram. Det er inga endring i løyvinga til driftsutgifter, slik at satsinga på handhevinga av Konkurranselova og EØS-konkurranselova held fram.

Det er ei viktig oppgåve for Regjeringa å syte for at konkurranseregelverket vert handheva og følgt. Dermed har ein von om å redusere problem knytte til kameraderi og korrupsjon. Marknaden skal berre takast i bruk der den verkar og støttar opp om regjeringas satsing på fellesskapsløysingar. Innafor viktige område som til dømes helse, omsorg og utdanning skal ein byggje på fellesskapsløysingar og offentleg styring framfor marknad og konkurranse. Regjeringa ønskjer ikkje ei kommersialisering av desse områda.