Statsbudsjettet fra A til Å

Klikk på første bokstav i det ordet du leter etter eller søk på ordet her.


K

Kvinnelige bedriftsetableringar i distrikta

Regjeringa ønskjer å leggje til rette for å auke talet kvinnelege verksemdsetableringar i distrikta. Å betre høva for å skape eigne arbeidsplassar nær heimstaden er ein viktig del av distrikts- og regionalpolitikken. Dette blir gjort fordi det er viktig å gi alle høve til å velje å bu der dei vil. Arbeidsplassar er ein av dei viktigaste berebjelkane for at folk nettopp skal ha denne valfridomen. Regjeringa vil leggje til rette for at kvinner i større grad enn i dag får høve til å skape sin egen arbeidsplass der dei bur. I arbeidet med entreprenørskap legg regjeringa stor vekt på at det blir lagt til rette for unge, kvinner og innvandrar som ønskjer å skape sin egen arbeidsplass ved å etablere bedrift.

I tråd med stortingsmelding nr 21(2006-2007) Hjarte for heile landet vil Kommunal- og regionaldepartementet forsterke si satsing på kvinner og entreprenørskap med 6 millionar kroner i 2007. Kvinnelige etablerarar får no større høve for rettleiing gjennom Kommunal- og regionaldepartementet sine auka løyvingar til eigne kvinnesatsingar innanfor pågåande program i regi av SIVA, Innovasjon Noreg og Noregs forskingsråd. SIVA tek i mot 2 millionar kroner til ei styrking av satsinga til SIVA på kvinner i næringshagane. Kvinnesatsinga i næringshagane vil auke frå 3 millionar kroner til 5 millionar kroner årleg ut 2008. 2 millionar kroner skal gå til Innovasjon Noregs program ”Kvinner i Fokus”. 2 millionar kroner blir øyremerkte til ei eiga kvinnesatsing innanfor FORNY- programmet i Noregs forskingsråd.