Statsbudsjettet fra A til Å

Klikk på første bokstav i det ordet du leter etter eller søk på ordet her.


L

Luftfart

Samla budsjettforslag for statlege utgifter til luftfartsføremål i 2007 er på 678,8 millionar kroner. Det er foreslått 475,9 millionar kroner til statleg kjøp av innanlandske flyrutetenester som ikkje er bedriftsøkonomisk lønsame. Dette er ein reduksjon på om lag 1 prosent samanlikna med 2006. Reduksjonen har i hovudsak samanheng med eit lågare kompensasjonsbehov etter at det i 2006 vart inngått nye kontraktar. Maksimaltakstane skal setjast ned 20 prosent for reiser på dei strekningane i Nord-Troms og Finnmark der staten kjøper flyrutetenester. Dei nye kontraktane inneber ingen reduksjon i flytilbodet. I tilskott til ikkje-statlege flyplassar er det sett av 17,2 millionar kroner i 2007. Til Luftfartstilsynet er det gjort framlegg om å løyve 148,4 millionar kroner.

Les meir i St.prp. nr. 1 (2006-2007) Samferdselsdepartementet og i pressemelding om luftfart