Statsbudsjettet fra A til Å

Klikk på første bokstav i det ordet du leter etter eller søk på ordet her.


N

Næringsretta utviklingstiltak

Som ein del av kompensasjonsordningane for differensiert arbeidsgivaravgift foreslår Regjeringa at det blir stilt til disposisjon 755 millionar kroner til næringsretta midlar til regional utvikling for 2007. Målet med midlane er å følgje opp arbeidet som er gjort sidan 2004 for å få til ein brei næringsretta innsats i område som ikkje fullt ut får gjeninnført ordninga med differensiert arbeidsgivaravgift frå 2007. Innsatsen skal medverke til utvikling av næringsliv og arbeidsplassar i det distriktspolitiske verkeområdet. Midlane skal gå til tiltak som kan gi varige, positive effektar for næringslivet og regionane.

Frå og med 2007 skal forvaltninga av midlane underleggjast ei sterkare folkevald styring og kontroll. Denne særskilde innsatsen skal utformast i kvart fylke mellom næringslivet og dei regionale partnarskapa. Særleg næringslivet skal ha ein sentral plass i det arbeidet. Midlane kan nyttast innanfor ulike sektorar og område til ulike prioriterte næringsretta tiltak, som til dømes samferdsel, digital infrastruktur, FoU og nyskaping, kompetanseheving, samarbeid mellom skole og næringsliv, næringsretta program i regi av verkemiddelapparatet eller andre.

I samband med bortfallet av den nasjonale transportstøtteordninga, vil Kommunal- og regionaldepartementet notifisere ei regional støtteordning som skal finansierast og forvaltast av fylkeskommunane. Det vil bli opna for at fylka kan nytte seg av ramma for dei næringsretta midlane til regional utvikling for å finansiere den regionale transportstøtta.