Statsbudsjettet fra A til Å

Klikk på første bokstav i det ordet du leter etter eller søk på ordet her.


N

Nasjonal transportplan

For 2007 foreslår regjeringa å auke løyvingane til veg- og jernbaneføremål med over 2,1 milliardar kroner som inneber at dei økonomiske planrammene for Statens vegvesen og Jernbaneverket blir følgde opp for eitt år, når ein tar utgangspunkt i ei lik årleg fordeling av planrammene i perioden. Totalt etter to år vil oppfølginga av Nasjonal transportplan vere 48,6 prosent. Nasjonal transportplan 2006-2015 blei vedteken av Stortinget i juni 2004. Kystverket, Statens vegvesen og Jernbaneverket har med bakgrunn i dei politiske prioriteringane som følgjer av Nasjonal transportplan utarbeidd etatsvise handlingsprogram. Her går dei konkrete investeringsplanane for perioden 2006-2015 fram, med hovudvekt på perioden 2006-2009.

Les meir i St.prp. nr. 1 (2006-2007) Samferdselsdepartementet og i hovudpressemelding. Meir om Nasjonal transportplan 2006-2015