Statsbudsjettet fra A til Å

Klikk på første bokstav i det ordet du leter etter eller søk på ordet her.


R

Rassikring

Regjeringa går inn for at det neste år skal brukast i alt om lag 560 millionar kroner til prosjekt og tiltak som er med på å sikre mot ras på vegnettet.

Av dette beløpet er 321 millionar kroner løyvingar over den særlege budsjettposten ”Rassikring”, om lag 160 millionar blir dekt ved midlar frå løyvingane til riksveginvesteringar, medan det ved hjelp av bompengar vil bli nytta omkring 80 millionar kroner til rassikring.

For neste år er desse store prosjekta særleg prioritert:

  • Riksveg 43 Aunevik- Bukkesteinen, Lyngdal i Vest Agder
  • E 39 Gammelseter- Nipetjørn, Lindås i Hordaland
  • Riksveg 5 langs Kjøsnesfjorden (Hammarsgrova – Stølsneset), Jølster i Sogn og Fjordane
  • Riksveg 55 Fatlaberget, Leikanger og Sogndal i Sogn og Fjordane
  • Riksveg 55 Stedjeberget, Sogndal i Sogn og Fjordane
  • Riksveg 617 Gotteberg-Kapellneset, Vågsøy i Sogn og Fjordane
  • Riksveg 62 Fresvika-Jordalsgrenda, Nesset og Sunndal i Møre og Romsdal
  • E10 gjennom Fjøsdalen, Flakstad i Nordland
  • Fylkesveg 347 Arnøya, Skjervøy i Troms

Les meir i St.prp. nr. 1 (2006-2007) Samferdselsdepartementet og i pressemelding om vegføremål