Statsbudsjettet fra A til Å

Klikk på første bokstav i det ordet du leter etter eller søk på ordet her.


S

Samferdsel

Det vert gjort framlegg om å løyve om lag 23,6 milliardar kroner til samferdselsføremål over statsbudsjettet for 2007. Dette er ein auke på om lag 2,1 milliardar kroner eller 9,7 prosent frå saldert budsjett for 2006.

Innanfor denne sterke veksten i samferdselsbudsjettet har regjeringa prioritert vedlikehalds- og utbyggingstiltak som fører til tryggare, meir effektiv og miljøvennleg transport i heile landet. Regjeringa har lagt særleg vekt på tiltak som reduserer avstandskostnader og betrar transportilbodet for folk og næringsliv i distrikta, og det er mellom anna foreslått ein auke i midlane til rassikring på vegnettet.

Budsjettframlegget gir eit kraftig løft av løyvingane til både veg og jernbane, i samsvar med Soria Moria-erklæringa. Budsjettforslaget for Statens vegvesen og Jernbaneverket svarer, samla sett, til eitt års oppfølging av vedtak i Stortinget ved handsaminga av Nasjonal transportplan. For å snu den uønskte utviklinga med aukande etterslep i vedlikehaldet er det for neste år sett av meir midlar til vedlikehald på både veg- og jernbanenettet, enn det som er lagt til grunn i vedtak i Stortinget om Nasjonal transportplan.

Les meir i St.prp. nr. 1 (2006-2007) Samferdselsdepartementet og i hovudpressemelding fra Samferdselsdepartementet.