Statsbudsjettet fra A til Å

Klikk på første bokstav i det ordet du leter etter eller søk på ordet her.


S

Selskapet for industrivekst (SIVA)

Regjeringa føreslår at Selskapet for industrivekst, SIVA SF, i 2007 blir tilført 31 millionar kroner til innovasjonsaktivitetar over Nærings- og handelsdepartementets budsjett. Med dette vert den auka løyvinga til SIVA frå 2006-budsjettet vidareført.

Tilskotet skal mellom anna gå til SIVAs arbeid med Norwegian Centres of Expertise (NCE). NCE-programmet bidreg til å styrkje regionale nærings- og kunnskapsmiljø med bedrifter som kan hevde seg internasjonalt og som har vekstambisjonar. Løyvingane skal vidare brukast til å støtte inkubatormiljøa ved sentrale forskings- og utdanningsinstitusjonar. Tilskotet skal dessutan nyttast til vidareutvikling av SIVA sine aktivitetar i Nordvest-Russland og slik medverke til auka norsk-russisk næringslivssamarbeid.

Regjeringa føreslår vidare at SIVA blir tilført 50 millionar kroner til eigenkapital i 2007, gjennom konvertering av statskasselån til innskotskapital. Etter gjennomføring av konverteringa i 2007 vil tilførselen på til saman 150 millionar kroner vere sluttført.

Sjå St.prp. nr. 1 fra Nærings- og handelsdepartementet, kap. 2426, side 149-152.