Statsbudsjettet fra A til Å

Klikk på første bokstav i det ordet du leter etter eller søk på ordet her.


S

Startlån

Startlån er ei låneordning som kan søkjast av personar som har problem med å skaffe bustad for å etablere seg. Lånet kan givast både til kjøp og til refinansiering av bustadlån. Det er kommunane som tildeler lånet. Kommunen avgjer sjølv omfanget av låneopptak for vidareutlån til vanskelegstilte bustadsøkjarar. Kommunen utformer retningslinjer for lånet. Lånet kan finansiere heile bustadkjøpet eller vere topplån der andre gir grunnfinansiering. Lånet må sjåast i samanheng med dei andre bustadverkemidla som for eksempel bustønad og bustadtilskot.

For fleire opplysningar om Husbanken og startlån, sjå Husbankens nettsider.

Regjeringa foreslår at Husbankens låneramme blir på 13 milliardar kroner i 2007, som vil leggje til rette for satsing på startlån. Regjeringa vil at startlånet skal vere eit godt verkemiddel for unge og vanskelegstilte på bustadmarknaden og skal ha høgast prioritet i 2007.