Statsbudsjettet fra A til Å

Klikk på første bokstav i det ordet du leter etter eller søk på ordet her.


S

Svalbard - nytt globalt frølager

Regjeringa har i 2006 vedteke å etablere Svalbard globale frølager, som skal vere eit spesialbygd fryselager med lagring av dublettar av frø frå frøsamlingar frå heile verda. Dette er eit sikringstiltak, retta inn mot å ta vare på det biologiske mangfaldet i landbruket, spesielt matvekstar av stor verdi for matforsyninga. Lokaliseringa til Svalbard er eigna på grunn av permafrost, stabile politiske forhold og god infrastruktur i eit vitskapleg miljø. Det er lagt inn framlegg om løyvingar til oppstart og drift av Svalbard globale frøbank som skal stå ferdig hausten 2007, i eit samarbeid mellom Utanriksdepartementet, Miljøverndepartementet og Landbruks- og matdepartementet. Staten ved Landbruks- og matdepartementet skal eige dette, medan Nordisk genbank får ansvar for dagleg drift og den faglege verksemda. Frøa som blir lagde inn er deponerte av eigarinstitusjonane, som sjølv dekkjer kostnadene til innlegginga. Løyvinga i statsbudsjettet på 1,6 millionar kroner dekkjer kostnader gjennom heile året til planlegging og oppstart av den faglege verksemda og drift av anlegget i om lag fire månader. Statsbygg har ansvar for sjølve bygginga, og Utanriksdepartementet vil også bidra til finansieringa med eit eingongsbeløp til etableringa.