Statsbudsjettet fra A til Å

Klikk på første bokstav i det ordet du leter etter eller søk på ordet her.


T

Trafikktryggleik

Om lag 500 millionar kroner vil bli nytta til særskilde tiltak for trafikktryggleik i 2007. Innanfor ansvarsområdet til Statens vegvesen vert det satsa på bygging av midtrekkverk, utbetring av kurvar og kryss og betre tilrettelegging for fotgjengarar som skal krysse vegen. Det er òg høgt prioritert å gjennomføre strakstiltak etter inspeksjonar av trafikktryggleiken. Regjeringa går inn for at det neste år skal brukast i alt om lag 560 millionar kroner til prosjekt og tiltak som er med på å sikre mot ras på vegnettet. Regjeringa held fram arbeidet med nullvisjonen, og vil særleg gjennomføre tiltak mot dei mest alvorlege ulykkene; møteulykker utforkøyringsulykker og fotgjengarulykker. Her er det naudsynt med eit breitt spekter av tiltak innan utbygging, drift og vedlikehald av vegnettet, i tillegg til informasjon, opplæring og auka kontrollverksemd.

Les meir i St.prp. nr. 1 (2006-2007) Samferdselsdepartementet og i pressemelding om trafikktryggleik.