Statsbudsjettet fra A til Å

Klikk på første bokstav i det ordet du leter etter eller søk på ordet her.


V

Vaksineforsking – norsk-indisk samarbeid

Det er sett i gang eit norsk-indisk samarbeid innan vaksineforsking. Som ei oppfølging av dette samarbeidet fremmast det forslag om ei løyving på 20 millionar kroner til forsking innafor dyre- og fiskevaksinar, som setjas av innafor Fiskeri- og kystdepartementet sitt tilskot til Norges forskningsråd. Denne satsinga vil mellom anna leggje til rette for norsk samarbeid med India om utvikling og forbetring av fiskeoppdrett i India og for at norske oppdagingar og produktutvikling kan marknadsførast globalt gjennom produksjonssamarbeid med India.