Statsbudsjettet fra A til Å

Klikk på første bokstav i det ordet du leter etter eller søk på ordet her.


V

Vedlikehald på vegnettet

Til trafikktilsyn, drift og vedlikehald av riksvegar har regjeringa for 2007 foreslått i alt 6 770,4 millionar kroner. Dette er ein auke på 681,2 millionar kroner eller 11,1 prosent. Denne vesentlege auken går i hovudsak til å styrkje vegvedlikehaldet, særleg asfaltlegging og tiltak som gjer vegkroppen sterkare. For 2007 er det lagt til grunn at 800 millionar kroner skal nyttast til asfaltlegging. Dette er ein auke på om lag 200 millionar kroner, samanlikna med 2006.

Drifts- og vedlikehaldsoppgåver som er viktige for trafikktryggleiken har høgaste prioritet. Dette gjeld særleg vinterdrifta, med brøyting, salting og strøing.

Les meir i St.prp. nr. 1 (2006-2007) Samferdselsdepartementet og i pressemelding om vegføremål.