Statsbudsjettet fra A til Å

Klikk på første bokstav i det ordet du leter etter eller søk på ordet her.


V

Verkemidlar for regional FoU og innovasjon (VRI)

Noregs forskingsråd lanserer eit nytt program, VRI (Verkemidlar for regional FoU og innovasjon). VRI skal samordne Forskingsrådet sin forskings- og innovasjonsinnsats retta mot det regionale nivået. Det nye programmet skal utviklast i tett samarbeid med regionale aktørar, Innovasjon Noreg og SIVA.

VRI sitt føremål er å få slagkraftige regionale FoU-miljø og auka mobilisering av nye verksemder til meir satsing på FoU. Programmet skal og ha auka nasjonalt og internasjonalt fokus, større fleksibilitet og samfinansiering gjennom å samordne regionale og nasjonale verkemiddel. Meininga er å vidareutvikle eksisterande virkemiddel og utvikle nye med særskild regional relevans gjennom betre organisering og styring av verkemidla. Dei eksisterande aktivitetane som inngår i VRI er mellom andre Verdiskaping 2010 (VS2010), næringsretta Høgskolesatsing (nHS), Forskingsbasert kompetansemekling, universitetspilotar og prosjekt for kunnskapsutvikling.

VRI skal rette seg mot FoU-institusjonar som vil styrkje si regionale utviklingsrolle – i første rekkje dei statlege høgskulane og dei regionale forskingsinstitutta – men òg universitet og forskingsinstitusjonar som har ambisjonar om å spele ei sterkare rolle i sin region.