Statsbudsjettet fra A til Å

Klikk på første bokstav i det ordet du leter etter eller søk på ordet her.


V

Visumsamarbeid – NORVIS

Terrorhandlingar vi har vore vitne til dei siste åra har i dei fleste land medført auka fokus på kontroll med innreise og opphald og denne type kontroll krev eit internasjonalt samarbeid. System for å få betre oversikt og kontroll over reisande enn vi har i dag, er under utvikling.

I denne utviklinga inngår eit felles europeisk system for innføring av biometriske kjenneteikn i visum og pass og etter kvart òg i arbeids- og opphaldsløyve. Biometri er knytt til identifikasjon av individ ved avlesing av unike biologiske kjenneteikn som fingeravtrykk, iris eller netthinne i auget, håndgeometri og ansikts- og stemmegjenkjenning. Schengen/EU har valt å bruke fingeravtrykk som biologiske kjenneteikn i visum, pass og arbeids- og opphaldsløyve.

Schengen/EU har vedteke å etablere eit felles dataregister Visa Information System (VIS) for alle visum som blir stetta i Schengen/EU-landa. EU/Schengen har òg innført felles visumetikettar med utskrift av bilete frå og med 3.6.2005.

Noreg er som medlem av Schengen bunden av dei vedtaka som EU fattar og pliktar å utvikle dei systema som er naudsynte for å tilpasse seg det felles EU/Schengensystemet. Noreg må bidra med ein del av felleskostnadane som følgjer med VIS, dvs. ei eingongsavgift i 2006 og ei årleg driftsutgift.

I samband med utviklinga av VIS, vil Noreg utvikle eit nasjonalt visumsystem, NORVIS.

Sjå omtale i St.prp.nr.1 (2006-2007) Arbeids- og inkluderingsdepartementet Resultatområde 10 Beskyttelse og innvandring