3 Omtale av særlege emne

Oppmodingsvedtak nr. 247

Sektorovergripande miljøvernpolitikk

Servicesenteret for departementa (DSS)

Servicesenteret for departementa innførde i 2005 eit system for miljøstyring, og systemet er under kontinuerleg utvikling. Føremålet med utviklingsarbeidet er å betre miljøstyringa internt i verksemda, å kvalitetssikre miljødata som departementa etterspør, og dessutan å identifisere eit høveleg og praktisk system for miljøstyring for departementa i regjeringskvartalet.

Eit system for miljøstyring skal sikre at verksemda er medviten om miljøpåverknaden som eigenproduserte varer og tenester har eller kan ha, og at verksemda arbeider systematisk med desse for å sikre kontinuerleg betring av eigen miljøprestasjon.

Servicesenteret for departementa har ein eigen miljøkoordinator som arbeider med miljøprestasjonar i verksemda innan områda energi, avfall, innkjøp og transport.

Desse områda er identiske med dei som vart identifiserte under Grøn Stat-arbeidet. Miljøkartlegginga som vart gjennomført i Servicesenteret for departementa i samband med innføringa av miljøstyring, resulterte i ein miljøhandlingsplan med krav til indikatorar for kvart miljøtiltak. Desse indikatorane viser mellom anna at etter fleire år med nedgang, auka talet på videokonferansar med 67 pst. frå 2005 til 2006, og at den totale mengda avfall frå regjeringskvartalet minka med 10 pst. i same periode. Verksemda sitt system for miljøstyring syter for at desse og andre miljødata vert registrerte og samla inn, og brukte som grunnlag for det kontinuerlege miljøarbeidet.

Servicesenteret for departementa vil årleg utarbeide ein miljørapport som viser resultatet av tiltaka innan kvart fokusområde som er nemnt ovanfor, og som gjev grunnlag for nye eller endring av pågåande miljøtiltak.

Statsbygg

Viktige miljøutfordringar

Farlege stoff

Bygg- og anleggsnæringa nyttar rundt 50 000 ulike produkt og 19 pst. av desse er klassifisert som helse- og miljøskadelege. Styresmaktene har prioritert å redusere eller fase ut bruken av eit utval av desse stoffa.

Energiforbruk

Oppføring av nybygg er ein viktig årsak til auka energibruk i Noreg. Det er utfordringar knytt til utforming og tekniske løysingar for nye bygg, og til energieffektivisering av eksisterande bygningsmasse. Bruk av fossilt brennstoff som energikjelde for oppvarming i offentlege bygg har ein klimapåverknad.

Material- og ressursforbruk

Byggjenæringa bruker store mengder byggjematerialar og er årleg opphav til over 1,5 mill. tonn byggjeavfall. 90 pst. av avfallet går til deponi. I tillegg vert store mengder materialar skifta ut etter kort tid som følgje av vatn- og fuktskadar. Byggjekostnadsprogrammet har vurdert at fukt- og vatnrelaterte byggjeskadar årleg kostar 12–15 mrd. kroner. Byggjematerialar med riktig kvalitet og innslag av resirkulerte materialar er viktige element for å få ned ressursbruken i byggjenæringa.

Klimaendring

Noreg skal redusere utslepp av klimagassar. Undersøkingar viser at bygg- og anleggsnæringa står for 13,5 pst. av klimapåverknaden i landet. Ca. 7 pst. av dette kjem frå produksjonen av byggjematerialar. Om lag 4 pst. av klimagassutsleppa frå BAE-næringa kjem frå drift av bygg. Mange offentlege bygg nyttar olje som oppvarmingskjelde. Utbygging av fjernvarme og betre marknadsvilkår for bruk av varmepumper og biobrenselanlegg vil gjere det mogleg å redusere desse utsleppa.

For perioden 2005–2009 har Statsbygg følgjande mål:

  • avgrense miljøbelasting ved val av produkt og materiale

  • redusere miljøbelastinga som følgje av avfallsproduksjon og -handtering

  • redusere energibehov og -bruk i bygg

  • implementere eit miljøstyringssystem som er sertifisert etter NS-EN ISO 14001.

Resultat i 2006 i høve til fastsette miljømål

Det er utarbeidd ein miljørekneskap for Statsbygg for 2006. Leiinga gjennomfører ei vurdering av dei oppnådde resultata kvart halvår og tilpassar om det trengs tiltak, mål og styringssystem. Hovudresultata så langt i målperioden er:

FoU- satsing

  • Statsbygg si FOU-satsing er i 2006 om lag 12 mill. kroner. Om lag 15 pst. av desse midlane var øyremerkt prosjekt som kan vere til hjelp for ei berekraftig utvikling innan byggje-, anleggs- og eigedomsnæringa. Arbeidet med utvikling av web-basert verkty for miljøprogrammering i byar og tettstader, «Miljøprogram.no.», vart ferdigstilt i 2006 og gjort tilgjengeleg for BAE-næringa

  • i 2006 initierte Statsbygg eit FOU-prosjekt der hovudmålet er å utvikle ein modell for klimagassrekneskap for utbyggingsprosjekt. Modellen kan verte eit tenleg verkty for framtidig resultatrapportering av mellom anna verksemda til Statsbygg. Prosjektet vert ferdigstilt våren 2007

  • nytt verkty og database for miljømedvitne produktval, «ECOproduct», vart ferdigstilt i 2006.

Kulturminne

Statsbygg har ei stor satsing på kulturminne. Området har eigen strategi og eigne planar og er i gang med eit omfattande arbeid med å registrere kulturhistoriske eigedomar.

Kompetanseheving

Det er gjennomført omfattande opplæringstiltak i organisasjonen for å auke kompetansen rundt alle tema i miljømåla våre.

Avgrensing av miljøbelasting ved val av produkt og materiale

  • Statsbygg sine standardkontraktar set no krav til å unngå bruk av farlege stoff som er oppførde på styresmaktene si obs-liste. Det skal rapporterast til Statsbygg dersom leverandørar ynskjer å nytte slike stoff

  • Statsbygg har innført forbod mot bruk av tropisk trevirke i bygg og på byggjeplassar for å redusere faren for bruk av trevirke frå regnskog. Resultata frå 2006 viser at dette kravet vert etterlevd

  • Statsbygg har nytta FOU-midlar og eigeninnsats til utvikling av nytt IT-program for miljømedvitne produktval, «ECOproduct».

Redusere miljøbelastinga som følgje av avfallsproduksjon og -handtering

  • det er utvikla eigne prosjekteringsrettleiingar for riveoppdrag. Desse rettleiingane vert nytta i alle relevante prosjekt

  • det er innført krav til kjeldesortering, avfallsmengder og kvartalsvise avfallsrekneskap i alle byggjeprosjekta. Resultat frå 2006 viser at ein ligg godt an i høve til målsetjinga om 60 pst. kjeldesortering.

Redusere energitrong og -bruk i bygg

Det er innført krav om energimål i alle nye byggjeprosjekt. Statsbygg har òg eit resultatkrav i høve til energibruk i heile eigedomsmassen. Energibruken skal vere maksimalt 210 kwh/m 2 . Energiforbruket var i 2006 ca. 211,7 kwh/m 2 , som er høgare enn resultatkravet. Noko av årsaka til det høge talet er stadig aukande brukstid på eigedomane.

Innføre miljøstyringssystem

Statsbygg vart i 2006 miljøsertifisert etter ISO 14001.

Aktuelle miljøtiltak på kort og lang sikt

I 2008 er følgjande tiltak planlagde:

  • auke miljøkompetansen internt i organisasjonen, hos eksterne samarbeidspartnarar og leigetakarar. Miljøkompetanse i Statsbygg sin eigen organisasjon er viktig, men Statsbygg er òg avhengig av miljøkompetansen i bransjen og hos leverandørar. Utvikling av miljøkompetanse i bransjen er difor eit fokusområde

  • vidareutvikle og vedlikehalde miljøstyringssystemet

  • gjennom FOU-satsing bidra til berekraftig utvikling og reduserte klimagassutslepp i heile verdikjeda

  • vidareutvikle systematikk i høve til miljøvern ved innkjøp av varer og tenester i statlege bygg

  • vidareutvikle miljøomsyn i kontraktrutinar.

Grøn stat

Statsbygg har innført miljøleiing som ein integrert del av styringssystema i organisasjonen. Prinsippa i miljøstandarden ISO 14001 er nytta som basis for miljøleiingssystemet. Denne standarden krev at organisasjonen gjennomfører ei kartlegging av dei viktigaste miljøpåverknadene og set seg miljømål for å forbetre desse. Vidare krev standarden at organisasjonen vurderer arbeids- og innkjøpsprosedyrane for å sikre viktige miljøtilhøve. Statsbygg vil framover ha fokus på å vidareutvikle og vedlikehalde miljøleiingssystemet.

Fornying, organisasjons- og strukturendring i statsforvaltninga

Nedanfor følgjer ei oversikt over fornyingstiltak på Fornyings- og administrasjonsdepartementet sitt fagområde:

Regjeringa har bestemt at alle publikumsretta statlege etatar skal gjennomføre brukarundersøkingar og at resultata som hovudregel skal offentleggjerast. Fornyings- og administrasjonsdepartementet vil no i samarbeid med departement og etatar setje i verk ei ny, større undersøking av kor nøgde brukarane er med offentlege tenester. Undersøkinga er meint å gje tenesteytarar og styresmakter betre von om å vidareutvikle kvaliteten på tenestene.

Det skal utarbeidast ein rettleiar som skal gje råd til dei offentlege etatane om korleis offentleg sektor kan verte betre både på brukarretting og brukarmedverknad.

Indikatorar for statleg ressursbruk, resultat, effektivitet og kvalitet skal synleggjerast på Internett ved hjelp av systemet StatRes. Systemet vert lansert hausten 2007 med fire pilotområde, og i 2008 vil det primært verte arbeidd med å fase inn fleire delar av statleg sektor.

Alle relevante elektroniske tenester som har innbyggjarar som målgruppe, skal vere tilgjengelege frå høvesvis innbyggjarportalen Miside og næringslivsportalen Altinn seinast innan utgangen av 2009.

Forsøk med redusert arbeidstid med tilbod til 330 tilsette som er 62 år eller eldre i staten er sett i gang. Forsøka skal gå over to år og gjennomførast i Skatteetaten, Statens vegvesen, fylkesmannsembeta og to bispedøme.

Direktoratet for forvaltning og IKT vert etablert for å styrkje arbeidet med fornying, IKT, leiing, organisering og omstilling, informasjonspolitikk og innkjøpspolitikk, og sørgje for at arbeidet på desse områda vert meir heilskapleg.

Bidra til gjennomføring av forvaltningsreforma, der fleire oppgåver skal flyttast frå statleg nivå til nye folkevalde regionar.

Forenkle klagehandsaminga i nokre føretakssamanslutningar der det er klårt at Konkurransetilsynet sitt vedtak vil verte omgjort, jf. endringane i konkurranselova § 21 som trer i kraft frå 2008 .

Ein brei gjennomgang av statens personal- og forvaltningspolitikk er sett i gang. Denne skal gje grunnlag for å identifisere trong for endring og reformer med sikte på betre oppgåveløysing og klårare rolledeling. Røynsler med omstillingsprosessar skal kartleggjast med sikte på å styrkje omstillingsevna i forvaltninga. Det skal utviklast ei plattform for leiarane i staten og høvelege verkemiddel som kan styrkje arbeidet deira med fornying og omstilling i samarbeid med tilsette og brukarar.

Oppfølging av § 1a i likestillingslova

Figur 3.1 Tre mål på lønsskilnader mellom kvinner og menn i staten. 1987–2006. Prosent lågare timeløn for kvinner

Figur 3.1  0;A;              Brutto lønsskilnad – viser statistisk 0;A; skilnad mellom utbetalt løn for kvinner og menn utan kontroll 0;A; for alder, utdanning, yrkeserfaring, ansiennitet eller arbeidstid. 0;A;              Netto lønsskilnad – viser ulik løn 0;A; mellom kvinner og menn når det er kontrollert for alder, 0;A; utdanning, yrkeserfaring, ansiennitet og arbeidstid. 0;A;              Innan stilling – viser netto lønsskilnad innan 0;A; same type stillingar. 0;A;

Figur 3.1 Tre mål på lønsskilnader mellom kvinner og menn i staten. 1987–2006. Prosent lågare timeløn for kvinner

Kjelde: Institutt for samfunnsforskning/SST

Omtale av tilsetjingsvilkåra til leiarar i heileigde statlege verksemder

Statskonsult AS

Administrerande direktør mottok i 2006 løn på 1 128 000 kroner. Pensjonsutgiftene til Statens pensjonskasse utgjorde 203 000 kroner og andre ytingar utgjorde 21 000 kroner. Administrerande direktør har avtale om etterløn for ein periode på inntil 12 månader.