Statsbudsjettet fra A til Å

Klikk på første bokstav i det ordet du leter etter eller søk på ordet her.


A

Asylmottak

Alle asylsøkjarar og personar som har fått opphaldsløyve og ventar på busetjing i ein kommune får tilbod om å bu i asylmottak. Tilbodet i mottaket skal ha ein nøktern standard. I tillegg til innkvartering får bebuarar i mottak økonomiske ytingar til livsopphald, og dei skal ha tilbod om nødvendige tenester, informasjonsprogram og aktivitetar. Personar som har fått endeleg avslag på søknad om asyl, og som har eit vedtak som kan settes i verk, skal ha tilbod om innkvartering i ventemottak. Barnefamiliar, alvorleg sjuke, einslege mindreårige og personar som har søkt om frivillig retur, skal gis tilbod om innkvartering på asylmottak inntil utreise faktisk skjer.

Det budde i underkant av 7 000 personar i mottak ved utgangen av juni 2007 – 1 000 færre enn på same tid i fjor. Det var 65 ordinære mottak, 5 transittmottak og 1 ventemottak i drift.

Sjå omtale i St.prp.nr.1 (2007-2008) Arbeids- og inkluderingsdepartementet Resultatområde 10 Beskyttelse og innvandring, Delmål 2.3 Differensiert og nøkternt mottakstilbud og kapittel 690 Utlendingsdirektoratet.