Statsbudsjettet fra A til Å

Klikk på første bokstav i det ordet du leter etter eller søk på ordet her.


G

Gang- og sykkelvegar

Til bygging av gang- og sykkelvegar langs eksisterande veg er det lagt til grunn at det i 2008 skal brukast til saman 590 millionar kroner, medrekna 250 millionar kroner i bompengar og anna ekstern finansiering. Dei statlege midlane er foreslått å auke med 34 prosent frå 2007 til 340 millionar kroner. I tillegg kjem utbygging av gang- og sykkelvegar som del av nyanlegg på vegnettet, og som dermed blir finansiert ved hjelp av ordinære riksvegløyvingar og i somme tilfelle også ved hjelp av bompengar.

Les meir i Samferdselsdepartementets St.prp. nr.1 (2007-2008) og i pressemelding frå Samferdselsdepartementet om gang- og sykkelvegar.