Statsbudsjettet fra A til Å

Klikk på første bokstav i det ordet du leter etter eller søk på ordet her.


G

Godstransport på jernbane

Det er foreslått å sette av om lag 450 millionar kroner til tiltak og prosjekt med særleg nytte for godstrafikken. Dette omfattar mellom anna midlar til godsterminalane Ganddal i Rogaland, Alnabru i Oslo og Brattøra i Trondheim og midlar til kryssingsspor ved Berg på Østfoldbanen, ved Fauske stasjon og ved Røkland på Nordlandsbanen og Roa på Gjøvikbanen. Det er elles foreslått å sette av midlar til planlegging av kryssingsspor mellom Kristiansand og Egersund.

Les meir i Samferdselsdepartementets St.prp. nr.1 (2007-2008) og i pressemelding frå Samferdselsdepartementet om jernbaneføremål.