Statsbudsjettet fra A til Å

Klikk på første bokstav i det ordet du leter etter eller søk på ordet her.


M

Miljøvenleg drivstoff

Regjeringa vil finansiere forsking og utvikling som kan drive fram meir miljøvenleg teknologi og alternative drivstoff, som til dømes biodrivstoff, el-drift, naturgass og hydrogen. Regjeringa vil mellom anna auke løyvingane til RENERGI, eit program i regi av Noregs forskingsråd som utviklar løysingar for meir miljøvenleg transport. For 2008 foreslår Regjeringa å bruke 29,4 millionar kroner til dette programmet over Samferdselsdepartementets budsjett.

Les meir i Samferdselsdepartementets St.prp. nr.1 (2007-2008) og i pressemelding frå Samferdselsdepartementet om miljøvenleg transport.