Statsbudsjettet fra A til Å

Klikk på første bokstav i det ordet du leter etter eller søk på ordet her.


R

Rassikring

Regjeringa foreslår at det neste år skal brukast i alt om lag 520 millionar kroner til prosjekt og tiltak som er med på å sikre mot ras på vegnettet. 329 millionar kroner er løyvingar over den særlege budsjettposten ”Rassikring”, om lag 90 millionar blir dekt ved midlar frå dei ordinære statlege løyvingane til riksveginvesteringar, medan resten blir dekt ved hjelp av bompengar og anna ekstern finansiering.

For neste år har ein foreslått å særleg prioritere arbeid på desse store prosjekta, alle med kostnadsoverslag over 100 millionar kroner:

  • E 39 Gammelseter - Nipetjørn, Lindås i Hordaland
  • Riksveg 13 Ulvundsøyne, Voss i Hordaland
  • Riksveg 5 langs Kjøsnesfjorden (Hammarsgrova – Stølsneset), Jølster i Sogn og Fjordane
  • Riksveg 55 Fatlaberget, Leikanger og Sogndal i Sogn og Fjordane
  • Riksveg 55 Gullringen, Luster i Sogn og Fjordane
  • Riksveg 617 Gotteberg – Kapellneset, Vågsøy i Sogn og Fjordane
  • Riksveg 62 Fresvika-Jordalsgrenda, Nesset og Sunndal i Møre og Romsdal
  • E10 Fjøsdalen, Flakstad i Nordland
  • Fylkesveg 347 Arnøya, Skjervøy i Troms.

Les meir i Samferdselsdepartementets St.prp. nr.1 (2007-2008) og i pressemelding frå Samferdselsdepartementet om vegføremål.

Se også Skred.