Statsbudsjettet fra A til Å

Klikk på første bokstav i det ordet du leter etter eller søk på ordet her.


R

Riksvegferjer

Til statleg kjøp av riksvegferjetenester er det sett av 1 547,4 millionar kroner, ein auke på 5,7 prosent samanlikna med saldert budsjett 2007.

Regjeringa gjer no framlegg om å auke rabattsatsen på sonekort og verdikort for køyretøy, frå 45 prosent til 50 prosent frå 1. mai 2008. For riksvegferjene legg Samferdselsdepartementet til grunn ein takstauke på 4,3 prosent frå 1. januar neste år.

Les meir i Samferdselsdepartementets St.prp. nr.1 (2007-2008) og i pressemelding frå Samferdselsdepartementet om ferjer.