Statsbudsjettet fra A til Å

Klikk på første bokstav i det ordet du leter etter eller søk på ordet her.


S

Samferdsel

Regjeringa gjer framlegg om å løyve om lag 24,7 milliardar kroner til samferdselsføremål over statsbudsjettet for 2008. Dette er ein auke på om lag 1,1 milliardar kroner eller 4,7 prosent frå saldert budsjett for 2007.

Til vegføremål er det sett av i alt om lag 15,43 milliardar kroner, ein auke på om lag 576 millionar kroner frå 2007.

Forslaget til løyvingar til jernbaneføremål er på 7,511 milliardar kroner, ein auke på 5,8 prosent samanlikna med 2007.

Elles er til saman om lag 1,8 milliardar kroner fordelt til mellom anna forsking og utvikling, luftfartsføremål, særskilte transporttiltak, posttenester og telekommunikasjon.

Les meir i Samferdselsdepartementets St.prp. nr.1 (2007-2008) og i hovudpressemelding frå Samferdselsdepartementet.