Statsbudsjettet fra A til Å

Klikk på første bokstav i det ordet du leter etter eller søk på ordet her.


U

Universell utforming innan transport og kommunikasjon

Regjeringa foreslår for 2008 å nytte 52,1 millionar kroner til tilskottsordninga for kommunale og fylkeskommunale tiltak for betre tilgjenge i transportsektoren. Eigendelen frå kommunen eller fylkeskommunen skal vere minst 25 prosent, og effektive løysingar på strekningar og knutepunkt med mykje trafikk vert prioritert.

Regjeringa foreslår i tillegg å setje av 100 millionar kroner over jernbanebudsjettet til tiltak på stasjonar og knutepunkt i 2008. Også Statens vegvesen og Avinor vil nytte vesentlege midlar over sine budsjett til å gjere kollektivtransport meir tilgjengeleg for alle.

Les meir i Samferdselsdepartementets St.prp. nr.1 (2007-2008) og i pressemelding frå Samferdselsdepartementet om kollektivtransport.