Statsbudsjettet fra A til Å

Klikk på første bokstav i det ordet du leter etter eller søk på ordet her.


F

Forskning - transport og kommunikasjon

Regjeringa gjer framlegg om at det skal løyvast i alt 238,2 millionar kroner til forsking, utgreiing og utvikling. Av dette er det foreslått at 50 millionar kroner skal nyttast til den nye tilskotsordninga for miljøvennleg transport, Transnova, som vert administrert av Vegdirektoratet. Den samla løyvinga er ein auke på 68,3 millionar kroner frå 2008. I tillegg til midlane til Transnova omfattar auken mellom anna 15 millionar kroner til styrking av klimaforsking som skjer i RENERGI-programmet i Noregs forskingsråd. Andre program i Forskingsrådet som mottek løyvingar er VERDIKT, RISIT og SMARTRANS. Klima, miljø, trafikktryggleik og utvikling og bruk av IKT er sentralt i forskinga som vert finansiert over budsjettet til Samferdselsdepartementet.

Les meir i Samferdselsdepartementet sin fagproposisjon.

Sjå og pressemelding frå Samferdselsdepartementet om forsking.