Statsbudsjettet fra A til Å

Klikk på første bokstav i det ordet du leter etter eller søk på ordet her.


G

Gang- og sykkelvegar

Regjeringa gjer framlegg om å bruke om lag 500 millionar kroner til tiltak for gåande og syklande i 2009, om lag 400 millionar kroner er statlege midlar. Anna finansiering kjem frå bompengar eller lokale tilskot og forskot. Forslag til løyving i 2009 utgjer ein auke i statlege midlar på om lag 70 millionar kroner eller 21 prosent frå 2008. I tillegg kjem utbygging av gang- og sykkelvegar som del av nyanlegg på vegnettet, og som dermed blir finansierte av ordinære riksvegløyvingar og i somme tilfelle av bompengar.

Statens vegvesen vil vidareføre samarbeidet med kommunar om planlegging av hovudnett for sykkeltrafikken i byar og tettstader. I Oslo-området vidarefører ein arbeidet med å byggje ut hovudnettet for sykkeltrafikken, mellom anna langs E6 frå Furuset til bygrensa, riksveg 150 Ring 3 mellom Nydalen og Storo, riksveg 163 Austre Aker veg frå Grorud til Lørenskog og langs riksveg 168 Griniveien frå Røa til bygrensa. I Fredrikstad prioriterer ein tiltak som planlagd hovudnett.

Byane Mandal, Grimstad, Sandefjord, Notodden og Kongsberg er valde ut for ein konsentrert innsats i perioden 2006-2009. I Midt-Noreg samarbeider Statens vegvesen med kommunane om etablering av hovudnett i 14 byar og tettstader. Vidare er det planlagt hovudnett i samarbeid med kommunane i Bodø, Mosjøen, Harstad, Alta og Vadsø.

Les meir i Samferdselsdepartementet sin fagproposisjon.

Sjå og pressemelding frå Samferdselsdepartementet om gang- og sykkelvegar.

Sjå og Trafikktryggleik.