Statsbudsjettet fra A til Å

Klikk på første bokstav i det ordet du leter etter eller søk på ordet her.


G

Godstransport på jernbane

Regjeringa gjer framlegg om å avsetje om lag 580 millionar kroner til prosjekt og tiltak med særleg nytte for godstrafikken. Dette omfattar midlar til godsterminalane i Ganddal, Brattøra og Alnabru godsterminal (nord). I tillegg kjem mellom anna midlar til Jensrud kryssingsspor på Gjøvikbanen og kryssingsspora Nodeland og Ualand på Sørlandsbanen. Det er dessutan foreslått å avsetje midlar til planlegging av mellom anna Alnabru godsterminal (containerterminal sør), dobbeltspor Eidsvoll – Hamar, dobbeltspor Holmestrand – Nykirke og dobbeltspor Oslo S – Ski, medrekna Ski stasjon.

Over investeringsbudsjettet til Jernbaneverket er det også foreslått å avsetje midlar til oppstart av to store prosjekt som vil vere til nytte for godstrafikken med jernbane: 160 millionar kroner skal i 2009 brukast til bygging av nytt dobbeltspor på strekninga Barkåker – Tønsberg på Vestfoldbanen, medan 150 millionar kroner skal nyttast til ny Gevingåsen tunnel på Nordlandsbanen.

Godstrafikken med jernbanen vil elles ha nytte av at det over vedlikehaldsbudsjettet til Jernbaneverket er foreslått å setje av i alt 90 millionar kroner til ekstraordinært vedlikehald på Bergensbanen og Dovrebanen for å unngå saktekøyring. Over vedlikehaldsbudsjettet er det dessutan sett av 220 millionar kroner til fornyingsarbeid på jernbanenettet i Oslo-området, medrekna Oslo-tunnelen. Tiltaka er særleg retta inn mot å gjere togtrafikken meir punktleg, noko som også er med på å styrkje godstransporten med jernbane.

Les meir i Samferdselsdepartementet sin fagproposisjon.

Sjå og pressemelding frå Samferdselsdepartementet om jernbaneføremål.

Sjå Jernbaneføremål.