Statsbudsjettet fra A til Å

Klikk på første bokstav i det ordet du leter etter eller søk på ordet her.


L

Luftfart

Samla foreslått utgiftsbudsjett for luftfartsføremål i 2009 er 751 millionar kroner, ein auke på 5,6 prosent frå 2008.

Til statleg kjøp av innanlandske flyrutetenester som ikkje er bedriftsøkonomisk lønnsame, er det avsett 519,9 millionar kroner. Til dei ikkje-statlege flyplassane med rutetrafikk, er det sett av 13,4 millionar kroner. Forslaga til løyvingar går til flyinformasjonstenester.

Det er ikkje foreslått statlege tilskot til dei regionale flyplassane til Avinor AS.

Førebels resultatoverslag for 2008 inneber at det ikkje er budsjettert med utbyte frå Avinor AS i 2009. Endeleg utbyte blir fastsett av generalforsamlinga til selskapet.

167,5 millionar kroner er foreslått avsett til Luftfartstilsynet, 12,3 prosent meir enn i 2008. Auken har samanheng med ei rekkje nye oppgåver som tilsynet har fått dei siste åra - mellom anna arbeid knytt til miljø og internasjonale regelverk.

Les meir i Samferdselsdepartementet sin fagproposisjon.

Sjå og pressemelding frå Samferdselsdepartementet om luftfart.