Statsbudsjettet fra A til Å

Klikk på første bokstav i det ordet du leter etter eller søk på ordet her.


M

Midtdelarar

I 2009 vil det bli etablert midtrekkeverk på følgjande strekningar med to- eller trefelts veg:

  • E18 Hovettunnelen – Ris, Porsgrunn og Bamble kommunar i Telemark (2,3 kilometer)
  • E16 Sollihøgda – Sundvollen (delstrekningar), Hole kommune i Buskerud (5,8 kilometer)
  • Rv 7 (tre kurvar), Flå kommune i Buskerud (1,2 kilometer)
  • E39 Storenes – Tangvall (attståande strekning), Søgne kommune i Vest-Agder (1,5 kilometer)
  • E6 Helltunnelen – Værnes, Stjørdal kommune i Nord-Trøndelag (To kilometer)
  • E6 Hotran – Gråmyra, Levanger kommune i Nord-Trøndelag (To kilometer)

I tillegg vil det bli sett i gang arbeid med å byggje midtrekkverk på E6 over Rudshøgda i Hedmark (6,2 kilometer) og på E18 mellom Ringnes og Mastemyr i Akershus (8,6 kilometer), til saman om lag 15 kilometer.

Det er planlagd opna 69 kilometer firefelts vegar med fysisk skilje mellom køyreretningane i 2009.

Les meir i Samferdselsdepartementet sin fagproposisjon.

Sjå og pressemelding frå Samferdselsdepartementet om trafikktryggleik.

Sjå og Trafikktryggleik.