Statsbudsjettet fra A til Å

Klikk på første bokstav i det ordet du leter etter eller søk på ordet her.


M

Miljøvennleg drivstoff

Regjeringa vil finansiere forsking og utvikling som kan drive fram meir miljøvennlege transportløysingar og alternative drivstoff, som el-drift, naturgass og hydrogen. Regjeringa vil mellom anna auke løyvingane til RENERGI, eit program i regi av Noregs forskingsråd som utviklar løysingar for meir miljøvennleg transport. For 2009 er det foreslått 15 millionar kroner meir til RENERGI samanlikna med 2008.

Som ei følgje av ”Klimaforliket” i Stortinget gjer Regjeringa framlegg om å løyve 50 millionar kroner til å etablere prosjektet Transnova i 2009. Transnova skal medverke til å redusere CO2-utsleppa frå transportsektoren ved å gi tilskott til prosjekt som fremjar miljøvennlege transportløysingar. Døme på dette er prosjekt som framskundar auka bruk av alternative drivstoff som annangenerasjons biodrivstoff, elektrisitet og hydrogen.

Vegdirektoratet skal administrere Transnova på oppdrag frå Samferdselsdepartementet.

Les meir i Samferdselsdepartementet sin fagproposisjon.

Sjå og pressemelding frå Samferdselsdepartementet om miljøvennleg transport.

Sjå Klima og Forskingtransport og kommunikasjon.