Statsbudsjettet fra A til Å

Klikk på første bokstav i det ordet du leter etter eller søk på ordet her.


P

Post

Regjeringa vil sikre husstandar og bedrifter over heile landet god tilgang til grunnleggjande post- og teletenester av høg kvalitet.

Regjeringa foreslår å ikkje ta ut utbyte frå Posten Norge AS i 2009. Det skal arbeidast med ein modell som kan gi ein meir nøyaktig kalkyle av nettotapet til Posten i samband med ulønnsame post- og banktenester.

Regjeringa legg til grunn at inntektene frå den samla verksemda til Posten-konsernet også i 2009 vil kunne dekkje opp dei samfunnspålagde, men bedriftsøkonomisk ulønsame posttenestene. Av den grunn er det ikkje foreslått midlar til statleg kjøp av posttenester.

Les meir i Samferdselsdepartementet sin fagproposisjon.

Sjå og pressemelding frå Samferdselsdepartementet om post og telekommunikasjonar.